Gong, var det, som han Nils tagnad litetvetta. „Aa det hadde no inkje voret Hugen hans at vera der all si Tid, han maatte no heim ein Gong han og, maa vita, og sjaa korleides det stod til i Bygdi.“ Men Saki var den, at Nils i den seinaste Tidi hadde sleget seg paa Drykken. So hadde han drukket so lenge, til han sjølv kom i Myrkestova, og daa han kom ut derifraa, synte dei honom Vetravegen. Der stod Nils. „Eg lyt nog strjuka heim atter,“ sagde han, og so strauk han. No foor han Nils paa Lausarbeid att og fram i Bygdi, og kvart han kom, vart det Glis og Laatt. Han Nils var inkje ljot, hadde han berre inkje havt den raude Nosi; sløgt Hovud hadde han og Flogvit, so det var inkje at undrast paa, at ei gomol Ekkja fekk Hug til honom, for „gamle Kubbar brenna lenge,“ maa vita. „Gomol er ho. Pengar heve ho, den gamle sig, og den unge stig,“ sagde Nils og so friad han til Ekkja. Aa jau, ho vilde, fulla, taka honom, men fyrst maatte han no verta til nokot fint, for det hadde fyrste Mannen voret. „Kvat skal det vera?“ spurde Nils. „Aa eitkvart Slag med Kyrkja, svarad Ekkja. So rødde dei no seg imillom um detta, og ein fin Dag var Nils stroken or Bygdi. Han var dregen til Seminariet, for no skulde han verta eitkvart Slag ved Kyrkja, maa vita. Men korleides det no gjekk til, anten Lærdomen var for tung elder Drykken for lett, nog er det, at han Nils aldri vardt ferdug med Skulen sin. Og eit Aar etter kom han atter. Nosi var lika raud, men no skulde han vera utlærd, sagde han. Det fanst nog dei, som sagde nokot annat, at det var Nosi meir enn Nils, som var utlærd, for Saki var den, at dei nog hadde synt honom Vetravegen der og; „men det er aldri verdt at agta paa Drøsor,“ sagde Nils, og det var sant sagt. Nils
Side:Han Per og ho Bergit.djvu/12
Utseende