Side:Han Per og ho Bergit.djvu/11

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent

som Gut. Far hans var fatig og „fatig Manns Mat er snart eten,“ som Arne sagde.

Difyre laut Nils, daa han var sekstan Aar gamall, strjuka aat Byen og tena. Men korleides det no hadde seg, han Nils vilde inkje taka for høgt i, og so vart han Veitagravar. „Nokot betre enn inkje,“ sagde han Nils. Men Nils det var Gut, som kunde grava, det; han grov og grov og slutad inkje, fyrr han hadde gravet seg fram til Polititenar. Hende det daa, at ein og annan heimanfraa kom til Byen og hadde teket seg ei Taar yver Torsten, var han inkje viss um, at han Nils kunde standa attanfyre, gripa honom i Trøya og leida honom til Myrkestova. Heima i Bygdi likad dei inkje detta; dei log av Nils, sagde „tvi,“ naar dei svallad um, korleides han bar seg, og vilde inkje sjaa paa Far hans eingong, av di han hadde slik ein Son. So hende det seg nokre Aar etter, at ein Gut kom reikande til Bygdi i ei fin, ny Trøya og — det var han Nils. Folk vilde inkje bera Kjensel paa honom, for det var inkje berre Trøya, som var ny, men heile Guten. Han var vorten storslegen, og havde fenget seg ei diger, raud Nos. Men Nils kunde snakka fyre seg han. Han preikad fyre Unggutarne baade høgt og laagt um alt det, som var at høyra og sjaa i Byen; han var spræk og kaat, hadde Visostubbar i tunnevis, og det gjekk inkje lang Tid, fyrr Nils’en vart vel likad og vel fagnad, der han kom. Var det nokon, som kunde fortelja løglegt og flirande, so var det han Nils. Kom i han Godlaget sitt og hadde fenget nokre Dramar og eit Par Krus Øl, kunde han sitja paa Krakken og ralla slik, at Gutarne mest fekk Hjartailt av Laatt, medan Gjentorna foor stad og gjøymde seg. Spurde ein honom daa, kvifyre han inkje vart verande i Byen med ein