Hopp til innhold

Side:Han Per og ho Bergit.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

eg kann kaupa ein Plass um tvau Aar — — men det vert no inkje ein Klokkargard, maa vita.“ „Det lagar seg vel med Tidi, alt ihop,“ meinte Bergit. „So er det vel; eg er inkje den Guten, som trøyttest so braadt, og det kann henda so myket Aaret ikring.“ „Farvel daa Per.“ „Farvel, og so fær du liva so vel imorgon.“ „Gløym inkje Klokkaren.“ „Nei du kann tru, eg skal inkje gløyma honom, han tarv litet Juling den Guten.“ „Godkveld, godkveld.“ „Ja og so driv eg no burtetter ein av Dagarne Bergit.“ „Du veit upp med Bjørki.“ „Godkveld, godkveld.“

Han var spræk Per, der han slang nedetter Bakken. Høg og herdebreid var han, mjuk i Limerne og lett paa Foten. Huva sat paa Sneid paa det krullade Haaret, rak var han i Ryggen, Armarne slang att og fram og dreiv stundimillom til Tollekniven, som sat i Beltet, Føterne slog lett men fast i Marki, so det ramlad i Skinbroki fyre kvart Stig, han tok. Han var sterk i Armen baade til Arbeid og til Ryggjatak, hæv og hag, snartenkt og aldri raadlaus. Han var den fyrste, som sat paa Kyrkjebakken Sundagsmorgonen og han var den fyrste, som gjekk til Dans og Leik um Kvelden. Han var Fyrstemannen, der det galdt at arbeida og han var Fyrstemannen der det gjaldt at garta med Gjenta; for Gjentelukka hadde han, det visste nog Per. „Det finst no inkje meir enn ein slik Gut i Bygdi,“ tenkte Bergit, ho glytte etter honom i Døri.

————————
Andre Stykket.

Nils Torgerson var ein stor Mann i Bygdi. Han hadde Gard og Naut og Pengar ataat paa Kistebotnen. Han var Son av ein Husmann og ein stor Viltyring