Hopp til innhold

Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/99

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

25—27; Lk. 22: 25—26), at ho visst maa vera etter Apostelen. —

— Um Svikaren fortèl alle. Lukas (22: 3) og Johannes (13: 2) gjev Satan Skuldi for Svikarverke; etter Mattæus (26: 15) synest det vera Pengehugen som forførar Judas (dei 30 Sylvpengane er elles fraa Sak. 11: 12; fraa same Staden V. 13 er Krusmakar-Aakeren). Men sidan (27: 3—5) fortèl Mattæus noko anna: daa Judas ser at Jesus er komin for Retten, kastar han Pengane i Tempelkista og tek Live sitt[1]; det er daa ikkje Pengane han hev brytt seg um.

I alle Sogune spaar Jesus um Svikarverke, um han elles aldri hev havt noko paa Judas aa segja. Og etter apg. 1: 16 (smf. Joh. 13: 18) maatte Judas gjera det han gjorde, so eit Skriftord kunde verte uppfyllt (Salm. 41: 10[2]). Kyssen i Mt. 26: 49 og Mk. 14: 45 kann vera laant fraa 2 Sam. 20: 9 (smf. Lk. 22: 47); Johannesboki veit inkje um ’n (18:

  1. Smf. Apg. 1: 18, der dette siste er fortalt paa ein styggare Maate. Det hev i det heile vaksi Hat til Judas; i Johannesboki (12: 4—6) fær han aaleine Skuldi for noko som Sveinane etter Mattæus (26: 8) og Markus (14: 4) var saman um; han vert jamvel kalla Tjuv.
  2. „Vénen min som eg fortrudde meg til, han som aat mitt Brød, trampa meg under Døtar“, stend det paa den Staden. Men alt i V. 11 viser det seg, at det ikkje kann vera Jesus som her et tenkt talande.