Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/100

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

2―5); Sogo er i det heile uklaar. Sjølvdraape er det berre Mattæus som veit um.

Hev Judas med „Svikarverke“ tenkt aa gjeva Jesus Tilføre til aa vise Folke si Messiasmagt? ― so kunde det verte trygt i si Tru, og dermed i Aalvor samle seg um Jesus og gjera han til Israelskong? Og daa Judas saag seg svìkin i denne Voni, gav han upp alt? ― Dette vil vera den einaste Tydingi som kann gjeva Sogo um Judas Meining.

― Sogo fraa Getsemane fortèl dei tri fysste noko-so nær likt. Jesus er sorgtyngd reint til Dauden og bed Faderen „taka denne Skaali fraa honom“; han trur at dette kann vera mògelegt (Mt. 26: 39; Ml. 14: 36; Lk. 22: 42); veit inkje um, at det er Verdi han no skal frelse. Hjaa Lukas syner det seg ein Engel fraa Himilen og Trøyster Jesus; men ikkje Engelen heller veit noko um Heimsfrelsa. Det er Lukas, Paulussveinen, som gjer mest ut-av Lidingi i Getsemane; han læt jamvel Jesus „dragast med Daudekvida“ her, „og Sveiten hans vart som Blodsdròpar som draup paa Jordi“. Men Sveinane sovnar, tri Gongir, eller hjaa Lukas ein Gong, „av Sorg“; Svevn i ei slik Stund ventar ein ikkje; og „Svevn av Sorg“ er ein ukjend Tanke for oss. Johannesboki (18: 1 flg.) kjenner inkje til denne Lidingssogo fraa Getsemane; Jesus hev „full-