Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/98

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

daa kunde vera som skulde gjera detta“ (ɔ: svike Jesus); og so „vart det Strid um, kven av deim som skulde vera den største“, eit Spursmaal som dei andre Sogune hev uppe paa ein lagelegare Stad, og som hev vori uppe ein Gong fyrr i sjølve Lukasboki (9: 46—48).

„Nattverd“-Ordi maa vera innkomne fraa i Kor. 11: 17 flg. Paulus vil der (V. 23) hava havt ei serskild Opinberring um det som gjekk for seg Kvelden fyrr Jesus vart svìkin; det er den apostoliske Brodermaaltidi (Agapen) han vil skal vera skìpa daa; sjaa serleg V. 21—22 og 33—34. Sidan hev Ordi i V. 23—25, trass alt Samanheng, og trass i at „Kristi Lìkam“ elles hjaa Paulus er Kyrkjelyden (sjaa t. D. 1 Kor. 12: 27 o. Tilvisn.), vorti gjorde til „Innstiftingsord“ for det Nattverd-Sakramente, som er so heilt framandt for Jesu Lære og Tenkjemaate og som kom upp i den heidning-kristne Kyrkja ut-imot Enden av det 2dre Aarhundrade[1].

Ein fær daa halde seg til Johannesboki her (13: 1 flg.). Der er Tidi Torsdags Kvelden, som rett maa vera; og det Fyridøme paa Broderkjærleik Jesus i denne Sogo gjev, høver so godt inn i Jesu Forkynning (smf. Mt. 20:

  1. Axel Andersen: „Nadveren i de Par første Aarhundreder efter Kristus“, Kr.ia 1898 (i 1905 utkomi paa tyskt med Tillegg).