Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/96

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Sveinane hev ikkje skyna dette. At Messias kunde verte tekin, og forhøyrd og pint og dømt og avretta som ein Bròtsmann, og det som ein Bròtsmann av verste Slag, det hev vori for deim som Verdi endevend. Av Sogom kann me lite sjaa; daa dei vart skrivne var Spursmaali greidde paa ei Vis, eller burttolka. Men det me skynar er, at Dagane fraa fysste „Langfredagen“ til den fysste „Paaskedagen“, det hev vori ei faarefull Tid for Jesu Sveinar.

*

Um Lidingi fortèl alle Sogune. Og so lengi etter Hendingi som dei er skrìvne fortèl dei endaa so vidt likt, at ein skynar kor djupt desse Minni maa hava brent seg inn hjaa Sveinar og Fylgjarar.

I det som gjeng fyri og kjem etter Lidingi er dei mindre greide. Um den siste Kveldverden er det fortalt paa tvo Maatar som ikkje høver ihop.

Dei tri fysste fortèl um eit Paaskemaal — Markus (14: 12) og Lukas (22: 8) segjer beint ut „Paaskelambe“ — som Jesus og Sveinane skal ha eti „den fysste Dagen i dei usyrde Brøds Helg“ (Mt. 26: 17 o. Tilvisn.); daa skal og „Nattverd-Sakramente“ vera skipa.

Paaskelambe vart i Israel eti um „Tilrei-