Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/95

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

slikt; men Tillit til Mannen gav det ikkje. Faarleg var det han var; han dømde dei øvste i Folke og daara dei andre med uklaare Messiasdraumar som dei romværske Herrane snart kunde faa Tak i; faarleg, speleg var denne Mannen, speleg for Lande og Guds Folk; Galilæafiskarar og andre Faavitingar kunde segja kva dei vilde.

— Og Farisæarar og skriftlærde og alt som høyrer det rette Israel til, dei legg seg saman mot Nasaretprofeten. Meir og meir arbeider dei imot han, di meir dei skynar at Folke tek til aa tru paa han. Fysst freistar dei aa vekkje Mistankar: han er i Pakt med Beel Sebub; han er forgjord. Daa dei ser, at dei paa den Maaten ingin Veg kjem, gjeng dei lenger. Dei „gjætar paa honom“. Dei „sender ut Lurarar som skal fange honom i Ord“, freistar aa lure ’n med vrange Spursmaal, Spursmaal um Lækjing paa Kviledagen, um Handtvaatt fyri Maten, um Gifting og Skilsmaal, um Skatt til Keisaren o. a. Men endaa kjem dei ingin Veg. Jesus skynar kva dei vil; og han greider alle deria kloke Spursmaal.

So vert dei rædde. Og dei held Samraad um korleis dei utan Uppstyr skal faa Live av denne Mannen; det var etter Maaten paa den Tid. Og sistpaa lagar det seg so, at dei fær fram sin Vilje.