Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/97

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

dingsdags“ Kvelden (Mt. 27: 62; Mk. 15: 42; Lk. 23: 54; Joh. 19: 42), Fredagen etter vaart Daga-Tal. Men den Fredags Kvelden daa Jødane det Aare aat Paaskelambe sitt, laag Jesus i Gravi (Mt. 27: 60, 62; Mk. 15: 42; Lk. 23: 53, 54; Joh. 19: 31—42).

Nattverden er fraa sein Tid; og det hev ikkje vori lett aa faa den innlempa i Jesus-Sogom. Skal ein faa Samanheng no, maa ein hjaa dei tvo fysste taka ut Ordi „dette er mitt Lìkam“ (Mt. 26: 26; Mk 14: 22) og „dette er mitt Blod, Blode til den nye Pakt som vert utrend for mange (til Forlating for Syndine)“ (V. 28; V. 24); som det no stend kjem V. 29 hjaa Mattæus og V. 25 hjaa Markus reint villt attpaahengt. Hjaa Lukas (22: 14 flg.) hev det gjengi verre og ikkje betre. Fysst talar Jesus um Paaskelambe; han hev hjarteleg lengta etter aa eta Paaskelambe med Sveinane fyrr han lid; so er ikkje Paaskelambe nemnt meir. Jesus tek Staupe og segjer: „tak dette og skift det millom dekon; for eg segjer dekon, at eg aldri meir skal drikke af Frukti paa Vintrêe, fyrr enn Guds Rike kjem“; so fær me Nattverd-Innstiftingi med Kalken ein Gong til (V. 20), og so reint samanhengslaust V. 21 med Orde um Forraadaren. Sveinane tek alt merkeleg rolegt, er liksom ikkje med: „dei tok til aa samtala seg imillom um kven av deim det