Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Dei førande i Folke vender seg meir og meir burt. Ein skynar ikkje dette med same. Jesus er daa rett-truande Israelit. Men dei hev kjent det paa seg, desse Israels-Førarar, at han var av ein annan Ande enn dei. Og det gjekk med Jesus som det plar gange med Profetar: han vart ulagleg for dei maghavande og laut or Vegen.

Det han sagde til Fariæarar og skriftlærde um Live deira maatte eitt ev tvo: vekkje deim eller eggje deim. Det vakte deim ikkje. Dess meir hev det daa eggja og arga deim. Vise det heilt fraa seg hev dei ikkje kunna; dertil visste Folke for mykje um kor sant det var; men dei hev sagt kvarandre, at denne Nasaræaren, han kjende ikkje til det han tala um. Han mistydde alt: hefte seg for mykje ved einskilde Tilfelle og mindre Ting og saag for lite paa det heile og store. Med si rette Tru — um elles Trui hans var so rett som ho gav seg ut fyri — vart han daa berre dess meir faarleg for Folke.

Dei fleste av deim hev paa sin Maate meint det godt. Naar dei heldt so strengt paa Formir og Framgangsmaatar, so hev det vori i den Trui, at gjenom desse Formine og Framgangsmaatane verka Anden. Og naar denne Galilæa-Profeten ikkje gjekk i Skule hjaa deim, men dømde deim for Lyte som han