Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/94

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kunde finne hjaa sùme av deim, dømde deim alle for desse Lyti, og freista med harde og eggjande Ord aa vende Folke ifraa deim, so hadde han ikkje den rette Vyrdnad for Guds Tilskiping; det torde dei trygt segja.

Og so vilde han vera Messias; han kalla seg Menneskjesonen. Men det maatte daa alle vita, at Messias kunde ikkje koma fraa Galilæa? Ein litin Folkeprofet fraa noko so ukjent som Nasaret, ein Handverkarson, som ikkje hadde gjengi i Skule hjaa nokon skriftlærd, og som fór og flakka upp i ein Utkant av Lande og preika for Fiskarar og Bøndar, — det var daa ikkje noko sovori Profetane hadde tenkt paa, daa dei spaadde um Frelsaren for Israel. I Jerusalem, Guds og Davids Stad, laut Messias stige fram og samle sitt Folk; det var daa noko som alle visste. Naar denne Nasaræaren ikkje søkte til Jerusalem, so laut det hava sine serskilde Grunnar; i Løynd gjekk han vel med Draumar som ikkje tolde Ljose; han var i det heile ikkje aa tru. Kven kunde vita kva han gjekk der uppe og brygde paa? Naar alt kom ihop var han ein Forførar, ein farleg Mann. Under hans fagre Ord um Moses og Profetane løynde det seg Hat til Lovi og Temple. Aa setja „Moses og Profetane“ upp mot Fyrisetningane fraa dei gamle var klokt; Folk lét seg lett daare med