Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/92

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

med Guds Hjelp kunde setja seg paa Messiasstolen liksom Gjætaren fraa Betlehem hadde sett seg paa Kongsstolen, hev ikkje vori nokon urimeleg Tanke for deim. Dei skyna at Israel maatte umvende seg, fyrr Messiasrike kunde koma; men det Spursmaale som sidan vart so lagnadstungt for Judas Iskariot: um det ikkje vilde gange lettare med Umvendingi, naar Folke fekk sjaa Messias i sin Herredom, — det hev lìvt hjaa deim all Tid. Jesus trøytnar stundom. „Skynar dé ikkje enno?“ spỳrr han. „Hev dé enno dekons harde Hjarto; hev dé Augo og ser ikkje? Og hev dé Øyro og høyrer ikkje?“ (Mt. 15: 16; Mk. 8: 17). Men dei trudde paa Meistaren, um dei ikkje skyna ’n so heilt. Og han kjende at han hadde deim med seg; med varme Ord priser han seim sæle (Mt. 13: 16).

Folke vil nok helst „sjaa Teikn“. „Dei er uppgjæve og yvigjevne liksom Sauir som ikkje hev Hyrding.“ Men det er med Folke som med Born; uheft av Læresetningar og Sjølvklokskap høyrer det paa Sanningi; og mange trur. „Eg lovar deg, Fader, at du løynde dette for dei vise og vituge,“ segjer han um Gledebòde sitt, „og opinberra det for dei umyndige.“ Mot dei Byane der han hev arbeidt mest segjer han strenge Ord (Mt. 11: 20 flg.); dess meir priser han deim som tok imot Fagnadbòde.