Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/91

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

villfører dei Folke med: gjeng ikkje sjølve inn i Rike og slepper ikkje andre til heller; og Jesu lyser deim med harmfulle Ord usæle.

„Dé Eiterormar og Ormeungar,“ ropar han, „korleis kann dé fly undan Gehennadomen?“ Og med Sorg talar han til den store Kongsstaden: „Jerusalem, Jeruslaem, du som slær Profetar ihel og steinar deim som er sende til deg! Kor ofte eg vilde samla Borni dine saman, liksom ei Høne samlar Kjuklingane sine under Vengine! Og de vilde ikkje. Sjaa Huse dekons skal verte lati audt til dekon.“ Etter Lukas græt han yvi Byen, og spaar den Dagen, daa „dine Fiendar skal støyte deg ned til Grunnen og ikkje lata Stein paa Stein vera att i deg, av di du ikkje kjende di Gjestings Tid“ (Lk. 19: 41).

Med dess større Kjærleik samlar han sine ikring seg.

Det unge Mode som meinte, at „den som ikkje er mot oss er med oss“ (Mk. 9: 40; Lk. 9: 50), hev vorti til den aalvorsame Manndomsrøysla: „den som ikkje er med meg er imot meg“ (Mt. 12: 30; Lk. 11: 23). Men dei faae han hev funni lærer han no upp, so dei kann skyna Lovine for Gudsrike. Sveinane er nok tungnæme. Det er Davidsrike dei ventar paa, etter den gamle Messias-Tanken; og at Timbermannssonen fraa Nasaret