Hopp til innhold

Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/90

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
VII.
F

arisæarar og Skriftlærde hev ikkje kunna finne falsk Lære hjaa Jesus. Det hev endaa vori Farisæarar som stod paa hans Side, etter som Lukas fortèl (13: 31; smf. Joh. 12: 42).

Jesus held seg gjenom heile si Arbeidstid strengt til Moses og Temple. Og med alt det han hev aa segja paa deim som „sìt paa Mose Stol“, so lærer han Sveinane sine, at dei skal gjera alt det som desse segjer dei skal gjera (Mt. 23: 2, 3).

Men at Israels Lærarar ikkje sjølv lìver etter Læra si ser han meir og meir, og harme og sorgfulle Ord um dette kjem fram alt tidleg i Sogune. Tyngre og tyngre fell hans Dom yvi desse Lærarane som „segjer det nok, men gjerer det ikkje“, desse blinde som er Vegvisarar aat blinde og daa maa falle i Grefti med deim; alt deira Liv er Lygn; i ytre Smaating er dei strenge, men dei spring yvi Retten og Kjærleiken til Gud (Lk. 11: 42); ved dette