Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Hjaa Jesus som hjaa dei skriftlærde er Gehenna den store Uppreinsking etter Tidi og Tidtilvære, Reingjeringi til Gudsrike, til den store Sabbaten. Læra um den endelause Helvit-Straffi er likso ukristeleg som ho er meiningslaus. Det vonde, som i sin Grunn er det sjølv-motsegjande, det at Menneskje gjer Uppreist mot si eigi inste Lov, det kann ikkje vera uforgjengelegt; det maa bøygje seg eller brotne. Og sèt me upp eit Helvit, der Guds Skapningar vert pinte Dag og Natt utan Ende, og utan Framgans Tanke eller Von, berre til Auking av eit alltid meir djevelskt Hat til Gud og alt som godt er — og denne meiningslause Pinsla sìt Gud og ser paa og er sæl —, so syndar me verre enn me veit: me gjer Gud, Faderen, til Overdjevel.

    all den Rædsla, Vonløysa og alle dei Sjølvdraapi, som denne Villmanslæra hev vori Skuld i, det er ikkje godt aa vìta.