Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/84

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hebr. Gehinnom, Hinnomsdalen, er Namne paa ein Dal utanfor Jerusalem, der Juda i gamle Dagar hadde blota til Molok (Jer. 7: 31; 2 Kong. 23: 10). Det var ein uhugeleg Stad. Grunnen hev vori vulkansk; det stod som ein Eim i Lufti yvi Dalen. Og Trui var, at Gehinnom ein Gong skulde forvandle seg til ein Eldsjø, der dei verste Israelsfiendane skulde verte uppbrende (Es. 66: 17, 17, 24; Dan. 7: 10—27).

I seinare Tidir vart Rusk og Avfall fraa Byen og annan Ufyseskap, som Kroppar av daude Dyr, stundom og Bròtmanns-Lik, uppbrende i Hinnomsdalen. Og Reinskingselden der brann æveleg, Natt og Dag, daa det alltid var avfall nok fraa ein so vidt stor By som Jerusalem. Og med Svaavel brann Elden, av di det laut vera sterk Eld som skulde faa Ende paa alt dette Avfalle fort nok i so varm ei Luft som den Judæa hadde.

Med all denne Uhyggja, og med Eld og Eldminne og Elddraumar fraa fyrr og no og sidan, yvi og under Jordi, vart Gehenna, Hinnomsdalen, det rette Emne til aa laga eit Helvite av. Og det vart Bilæte paa den siste Straffi yvi Fiendane til Gud og Folke hans.

Elden er Bilæte paa Avdøyding eller paa heil og fullkomi Uppreinsking; som Elden i Hinnomsdalen gjorde Ende paa Avfalle fraa