Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/85

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Jerusalem, so skulde den aandelege Gehenna-Elden gjera Ende paa Avfalle fraa Jordi, det som, med alle Guds Hjelperaader og med alt hans Tòlmod gjenom Tidir og Heimsaldrar ikkje hadde lati sig frelse. Elden held seg so lengi han fær Næring; Gehenna-Elden vert stundom kalla „usløkkjande“ liksom Elden i Hinnomsdalen[1]; men det som vert „kasta paa Elden“, „brenn upp“ (Mt. 3: 12; 13: 30, 40; Lk. 3: 17). Og rettvis til det siste er Israels Gud; ei linnare Gehennastraff kom upp jamsides Eldstraffi. Ikkje alt som vart kasta i Hinnomsglupe kom paa Elden; sùmt fall i Steinrøysi utanum og vart liggjande der; soleis skulde i det aandelege Gehenna berre dei store Guds og Israels Fiendar verte brende; andre Syndarar som hadde forherdt seg so dei ikkje kunde kome med i Gudsrike skulde paa annan Maate verte „øydelagde“ (Mt. 10: 28), kasta „utanfyri“, eller i „Myrkre utanfyri“ (Mt. 8: 12; 24: 51; Lk. 13: 28); det var elles Graat og Tanngnistring der med (Mt. 22: 13 o. Tilvisn.).

Gehennabilæte er heilt utnytta i Nytestamente. I Opinberringi, der elles „Myrkre utan-

  1. Den jordiske Gehenna-Elden vert hjaa Esaias (66: 24) kalla „den Elden som ikkje sloknar“. „Makken som ikkje døyr“ er like eins fraa Hinnomsdalen; det livde mykje Makk i det Avfalle som laag ut-ikring Elden der og rotna.