Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kjend rettferdig, og etter dine Ord skal du verte domfeld“ (Mt. 12: 37[1]).

Naar Messiasrike kjem, skal dei rettferdige stande upp (Lk. 14: 14; 20: 35, 26; 1 Kor. 15: 22—28; Opb. 20: 4, 5[2]); so kjem den fysste Domen (Mt. 24: 30, 31; Opb. 20:4). Dei uppstadne rettferdige gjeng, samen med dei utvalde som daa lìver, inn i Rike (Mt. 24: 31, 37—43; 1 Tess. 4: 16); og ved Messiasstyre i denne Heimsalderen („Tusundaarsrike“, Opb. 20: 2, 3) vert Mannaheimen lagd heilt under Gud (smf. Opb. 21: 1—4). So kjem den siste Domen (Mt. 25: 31—46; Opb. 20: 12); og naar den er haldin, og alt vondt utreinska fraa Jordi, so dei fysste Ting er burtfarne og alt hev vorti nytt (Opb. 21: 4, 5), daa hev dei rettferdige vunni den heile Sæla; Gudsrike, Himilrike er fullkomi.

Og fysst ved denne siste Domen er det at det vert Tale um Gehenna, den store Reinskingselden; sjaa Mt. 25: 41 og Opb. 19: 20; 20: 10, 14, 15.

Gehenna-Tanken er ukjend i det gamle Testamente; han kom ikkje upp fyrr etter Babylontidi. Namne er jordiskt nok: Ge(h)enna,

  1. Kyrkjebibelen umsèt: „etter dine Ord skal du verte fordømd.“
  2. Hjaa Lukas (20: 35) er berre ei Uppstòdu nemnd.