Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Men alt tidleg hadde Tenkjarar i Israel undrast paa, at det ikkje alltid gjekk den gode godt og den laake laakt paa Jordi (sjaa serleg Jobsboki). Det hev vori freista med fleire Forklaaringar av dette, soleis den, som me finn Merke etter i Joh. 9: 2, 3: at dei som lid vondt her maa ha synda fyrr dei vart fødde, eller at dei lid for Synder som Foreldri deira hev gjort. Men Tanken um ei Utjamning etter Dauden fekk Magti. Alt hjaa Job vaknar Voni um ein Rett for dei gode i hin Heimen, og i Visdomsboki hev Tanken vunni fram; det hev vorti Liv i Naaheimen med Hugnad for dei gode og Uhugnad for dei vonde (3: 1—10).

I Jesu Tid hadde Scheol — eller Hades, som det paa græskt heiter i N. T. — skift seg i tvo; det var Helheimen, „Pinsla“, for dei urettferdige, som der vart „vart haldne i Varetekt under Refsing til Domedag“; og det var Paradis, „Abrahams Fang“, for dei rettferdige (Lk. 16: 22, 23; 2 Petr. 2: 9[1]). Desse tvo Stadine var strengt skilde; likevel kunde dei gode og dei vonde sjaa og jamvel tala til kvarandre (Lk. 16: 23—26). Den Lògen som er nemnd i Sogo um Rikingen og Lasarus, er vel i

  1. Etter Lk. 23: 43 skulde Jesus sjølv fara til dette Paradis.