Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/80

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

gode i ’n hev Framgang. Og er Løn den gode Fylgdi av rett Ferd, so er Straff den laake Fylgdi av Misferd; etter Sogo um Saamannen visnar dei gagnlause som Saakorn paa Steingrunn eller kjem paa annan Maate burt; faafengt vert alt deira Tilvære.

Men Fylgdine av Gjerningom vaare rekk ut yvi dette Live; her som elles fylgde Jesus Skriftlærdomen i si Tid.

Fraa fyssto hadde Israel ikkje visst um anna etter Dauden enn ein Naaheim (Scheol); denne var, som hjaa andre Folk i tidleg Tid, ein Skuggeheim utan Liv; han vert og ofte kalla Naaheimen (1 Mos. 27: 35; 44: 29, 31; 4 Mos. 16: 30). Scheol er i Gamletestamente tenkt som ein Myrkheim, eit Skuggeland (Job. 10: 21); det vert kalla „Stilla“ (Salm. 115: 17), „Avgrunnen“, „Myrkre“, „Gløymelande“ (Salm. 88: 12, 13); der er „korkje Gjerning eller Vit eller Visdom i Naaheimen“ (Preikaren 9: 10). Gode som vonde fèr dit naar dei døyr (Job. 30: 23). Og i Dauden er der inkje Minne um Gud; „kven vil prise deg i Helheimen?“ (Salm. 6: 6[1].)

  1. I Bibelumsetjingange fyrr vart „Helvite“ fraa det nye Testamente innsett i det gamle all Stad der det nokorleis kunde høve; men no hev dei retta dette. I N. T. skal dei og heretter vilja halde seg til Grunnteksti.