Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Grøda. Jordi kann bera mindre eller meir. Men ho trivst, lìver, ved aa bera Grøde; ein kjenner seg sæl, naar ein gjer det som godt er. Men den Jordi som ikkje bèr, vert uppbrend av Soli eller nekjøvd av Klunger; ho vantrivst og legst i Øyde. Naar Menneskjesonen i Domen (Mt. 25: 40) segjer: det dé gjorde mot ein av desse minste Brørane mine, det gjorde dé mot meg, so meiner han: det gjorde dé mot det sane menneskjelege i dekon sjølve. For i oss alle lìver Menneskjesonen; og han etla til aa vinne i kvar vaknande Menneskjesjæl, vinne meir og meir yvi Dyrehaatten og Villmannen i oss, „Djevelen“[1].

Løni, Kjensla av Vokstr og Framgang, fylgjer med alt godt ein kann faa gjort, um det er lite ller mykje. Den som berre gjev ein av dei minste so mykje som ein Drykk Vatn med godt Hjartelag — ein Drykk Vatn var elles ikkje alltid lite i det turre Palæstina — skal ikkje sakne si Løn. Kvart godt Hugskòt ein fær fylgje hev i seg sjølv si Løn; kvar Siger ein vinn, kvart Stìg ein tek paa den gode Vegen, fører Hugnad med seg. Soleis er der og „Løn“ for den som bed rett, eller fastar rett: han kjenner at han veks, at det

  1. Djevelen hev vori god aa hava aa skulde paa. Det er gildare aa segja: Djevelen forførde meg, enn aa stande til, at Dyre i meg fekk Magti.