Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/82

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

heller sein Tid innlaant fraa Gehenna[1]. Stundom nemner Jesus eit Fangehus, som Syndaren ikkje skal koma ut or, fyrr han hev betala den siste Skjerven (Mt. 5: 26; 18: 34; Lk. 12: 59); dette maa vera Refsingsstaden i Helheimen; fraa Gehenna kom ingin ut; det var den andre, d. e. den fullkomne, den endelege Dauden (Opb. 20: 14).

Straffi vert tilmælt etter Syndi: di større Synd, di hardare Refsing. Og viljande Synd vert strengare dømd enn uviljande; ein Tenar som ikkje gjer Viljen til Herren sin vert refst med Slag; mykje Slag um han visste kva Herren vilde, mindre Slag um han ikkje visste det; i det heile: det vert kravt av kvar ettersom det er honom gjevi (Lk. 12: 47, 48). Fysst og fremst spỳrst det: hev du elska din Næste; den som berre er vreid paa sin Broder vert skyldig til Straff, og det som ein Draapsmann etter Moselovi, um han daa ikkje hev havt Orsak til Vreide (Mt. 5: 21, 22 o. Tilvisn.). Jamvel for vaare Ord skal me gjera Rekneskap; gjenom deim kjem, helst naar me minst tenkjer paa det, vaar djupaste Sanning fram; difor: „etter dine Ord skal du verte

  1. Dei vonde Andane hadde ein serskild Fangestad: Abyssos (ɔ: Botnløysa, i N. T. umsett med Avgrunnen; Lk. 8: 31; 2 Petr. 2: 4; Opb. 20: 13).