Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/74

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

gjera med dekon, um dé ikkje av Hjarta tilgjev kvar sin Broder hans bròt“ (Mt. 18: 23—35). Den som ikkje tilgjev, fær ikkje Tilgjeving; ja den Tilgjevingi han kann ha fengi vert teki fraa han att, i Fall han ikkje sjølv tilgjev (Mt. 18: 27—34); her som eller skal me unne vaar Næste som me vil at Faderen skal unne oss. Um den syndunge Kvinna hjaa Lukas (7:: 47) heiter det: „mange Syndir er henne forlatne, for ho elska mykje.“

Strengt er dette Jesu Krav. Aa tilgjeva i Sanning og av Hjarta er ikkje lett for Kjøt og Blod; ja det kann kjennast umògelegt. Som i det heile det aa løne vondt med godt. Mykje lettare er det aa hata og hemne seg, og sidan „sone“ for seg med Bønir og Offer, helst naar ein kann sleppe med eit Offer som ein annan hev gjort. Men Jesus kjenner ikkje til den Utvegen.

Hit høyrer og eit anna Ord som helst vert gløymt: det um at me ikkje skal døme. Det vert tilmælt oss med det same Maale som memæler aat Brørane med; tilgjev me, so fær me Tilgjeving; dømer me, vert me dømde. I det heile skal me agte os sjølve, meiner Jesus. Bòse i Auga til Bror vaar, den vesle Syndi han kann hava gjort imot oss, den vert det alltid ei Raad med, kann me so sant berre faa „Bjelken“ ut or vaart eigi Auga.

*