Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/73

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

forlata dekons Misgjerningar“ (Mt. 6: 14—15; Tilv.).

Noko „Offer for Syndi“ veit Jesus ikkje um; han held seg til Profetane (Es. 1: 11; 66: 3; Jer. 6: 20; Am. 5: 21; Mich. 6: 6, 7). Um Offer talar han paa ein einaste Stad (Mt. 5: 23; smf. Mk. 11: 25); men noko Syndoffer er det ikkje han der tenkjer paa. Tvert imot; det vonde som kann vera i Vegen, maa etter Ordi hans paa den Staden vera nedsone fyrr Gaava vert bori fram. „Gakk fysst og vert samd med Bror din“, segjer Jesus; naar du det hev gjort kann du bera gram Gaava di[1].

Jesu Lære er fullklaar her, og han er innpaa dette ofte. Tilgjev, so skal du faa Tilgjeving; „dersom Broder din syndar imot deg, so tèl for honom; og angrar han, so tilgjev honom“. Ja „dersom han sjau Gongir um Dagen syndar imot deg, og sjau Gongir um Dagen kjem att og segjer: eg angrar det, so skal du tilgjeva honom“ (Lk. 17: 3—4; Mt. 18: 21—22). I Liknaden um Kongen som heldt Rekneskap med Tenarom sine gjeng det ein hard DOm yvi den som ikkje tilgav Medtenaren sin; „so skal og min himilske Fader“

  1. Syndesutring bryd Jesus seg ikkje um. Ser han ein som er tyngd av leide Minne, so talar han ikkje um Anger; „ver frihuga, Son!“ segjer han; „dine Syndir er deg forlatne“; og det utan eit Ord um Blot eller Blod.