Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/72

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


for hans Rike[1] og hans Vilje; at alt legg seg heilt og viljugt innunder honom er godt for oss med, av di at daa kjem det Rike hans, som for oss er Sæla. So bed me um det med treng for oss sjølve og den Tidi som no er; me veit at so sant me er hans Born og Tenarar, so er vaar Bate hans Vilje.

Det me fysst treng er Livs Upphelde; me bed daa fysst um daglegt Brød. So bed me um aandeleg Hjelp: Tilgjeving for Syndi og Frelse fraa Freistingar, i det heile Frelse fraa det vonde, fraa alt som kann hindre oss i aa fylgje Gudsvilje; me bed daa i Sanning som Born; me gjer Faderens Sak til vaar Sak.

*

Til den serskilt vigtuge Bøni um Syndforlating hev Jesus ei Tyding (Mt. 6: 14—15; Tilv.) som er framifraa klaar, men som etter Paulustidi hev vori merkeleg gløymd i Kyrkja. Vilkaare for Syndtilgjeving er etter Jesus eitt einaste: me maa sjølve tilgjeva. „Dersom dé forlæt Menneskom deira Misgjerningar, so skal og dekons Fader i Himlom tilgjeva dekon; men dersom dé ikkje forlæt Menneskjom deira Misgjerningar, so skal heller ikkje Fader dekons

  1. I den etterbabyloniske Tid var den vonde Magti („Beelsebul“, „Satan“, „Diabolos“) uppkomi utanfor og paa ein Maate jamsides Gud; men denne Magti skulde falle for Messias (Opinb. 20: 2, 10).