Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/75

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Si Tale um Lovi samlar han i eitt sterkt Ord: „ver miskunnsame, liksom og dekons Fader er miskunnsam“ (Lk. 6: 36), eller hjaa Mattæus (5, 48) i eit endaa sterkare: „ver fullkomne, liksom dekons Fader i Himilen er fullkomin.“ Dette er ingin Taleblom. Alt hjaa Moses (3 Mos. 19: 2) finn me Tanken: „de skal vera heilage, for eg er heilag“; og Jesus-Sveinane gløymde han ikkje. Peter tek upp att Orde fraa 3 Mos. 19 og legg til: Faderen „dømer utan Mannamùn etter kvar Manns Gjerning“ (1 Petr. 1: 15—17). Hjaa Johannes lès me: „kvar den som er fødd av Gud“ (ɔ: er Guds Barn) „gjer ikkje Synd“; „dette er Kjærleiken til Gud, at me held Bòdi hans“ (1 Joh. 3: 9; 5: 3). Jakob segjer: „Tolmòde maa føre til fullkomi Verk, so dé kann vera fulkomne og heile og ikkje vante i nokon Ting“; og: „den som ikkje hev vorti ein gløymskin Tilhøyrar, men ein som gjer Gjerningi, han skal verte sæl i si Gjerning“ (1: 4, 25).

Fullkominskapen er Fyrimaale. Jesu Sveinar kann ikkje vilja noko mindre enn det: aa lìva heilt etter Guds Lov; og det vil dei. At Fyrimaale ikkje med ein Gong vert naatt, og at det seint vert fullt naatt, det er det Tilgjeving fyri, so sant Vljer er heil; Jesus lærde sjølv Sveinane aa beda: tilgjev oss Skuldi vaar. Men den som ikkje hev Viljen heil og fast er