Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/70

Fra Wikikilden
Hopp til: navigasjon, søk
Denne siden er korrekturlest


aaleine. Me skal ikkje „remse upp mange Ord“, og me skal ikkje halde Bønir paa Framsyning; gjer me det, so vinn me Ord for aa vera heilage, og hev dermed fengi vaar Løn. Faderen veit kva me treng og bryr seg ikkje um Ordstas; „naar du bed, so gakk inn i Løynrome ditt og lat att Dỳrri, og bed til Fader din som er i Løyndom, og Fader din som ser i Løyndom skal løne deg i Synom“.

Det er lagt Jesus sterke Ord i Munnen um Bøni „Alt det dé bed um, berre tru, so skal dé faa“; „bed um kva dé vil, og det skal timast dekon“, o. s. f. (Mt. 21: 21; Mk. 11: 24; Lk. 11: 9; Joh. 15: 16; 16: 23 o. fl. St.).

Likevel krevst det stundom Faste attaat Bøni (Mt. 17: 21). Det vert og kravt Bøn av fleire i Lag (Mt. 18: 19 o. Tilv.; motsett Bòde i Mt. 6: 6); og Bøn i Jesu Namn vert fleire Stadir krevd i Johannesboki. Det hev gjengi ymse Ord um dette. Det tryggaste vil vera aa halde seg til den Bøni Jesus sjølv lærde Sveinane sine, og elles til Fyridøme hans eigi (Mt. 26: 39; Tilv.).

Beda er ikkje aa tigge, eller aa freiste aa tvinge sin Vilje fram[1]; aa beda er: aa vinne

  1. Det som er innkomi Lk. 18: 1 flg. o. fl. St. um at me beintfram skulde kunne elte Faderen til aa gjeva etter for Bønine vaare, kann ikkje vera nokon Jesus-Tanke.