Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

seg yvi til aa vilja det Gud vil, og det um Gudsviljen aldri so mykje gjeng vaart Ynskje imot; beda er: aa lyfte seg yvi seg sjølv og inn i Allviljen. „Ikkje som eg vil, men som du vil!“ bad Jesus fraa Nasaret; og so er det han hev meint at me skal beda.

Den Bøni Jesus lærer Sveinane, er vend til „Faderen“. Tanken um at Gud er Faderen var uppe alt i den gamle Tidi (Job. 31: 15; Ordtøki 22: 2; Mal. 2: 10); med Faderen meinte dei gamle Skaparen. Jesus gjenomfører Tanken i meir aandeleg Meining; og han lærer oss aa beda som Born. Med Barne Trygd og Tillit skal me vende os til Faderen, men daa og med den rette Barne Hugen til aa bøygje oss for hans Vilje.

Gud hev vorti Faderen, av di han i Sanning hev vorti Gud. So lengi han var Jahve, ein Folkegud millom andre Folkegudar, laut han fysst og fremst tenkje paa si eigi Makt; no er han Herren aaleine; Rike, Magti, Æra er hans; og daa vil han, at som han sjølv er fullkomin og sæl, so skal og hans gjævaste Skapning, Bilætet hans, Son hans, naa denne Høgdi. Me tarv ikkje lenger hava Age for Gud i den gamle Meiningi Rædsle; me skal elske Faderen.

Me bed daa fysst og fremst um Framgang