Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/69

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Mot slikt minner Jesus um, at Gud hev Hug til Miskunn og ikkje til Offer. Og Menneskje er ikkje Træl under Lovi, men som Menneskjesonen Herre yvi ho, so sant det hev Gudsvilje livande i Hjarta.

*

Rettslovi set Forbod, Morallovi gjev Bòd; Jesu Lovgjeving inneheld mest um det me skal gjera.

Det er her Hjartelage det spỳrst um; ikkje alle Gjerningar er gode som ser gode ut. Olmosur skal me gjeva so me sjølve ikkje gaar til det; for kor mykje me gjev, det vert alltid lite mot det me fekk[1]. Og alt godt me gjer er faafengt, i Fall me gjer det med Tanke um utvertes Vinning; den som fastar til aa vinne Ros millom Folk, han vinn ikkje meir enn det. Berre naar me fastar til vaar eigi Upptukting vinn me noko som hev Verde. Me skal daa heller ikkje lata Folk vìta at me fastar; me skal stelle oss so at dei trur det er Høgtid me held; Jesus bryr seg ikkje um Utanpaa-Heilagdom.

Bøni er og ei Sak millom oss og Gud

  1. I vaare Dagar, daa dei som bed ikkje alltid er dei som mest treng, ja daa Tiggaren stundom er Spekulant, hadde vel Jesus sagt: gjev den som bed deg, og lat det vera hans Sak um han lyg for deg?