Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/68

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

forbyd ikkje Sveinane aa gifte seg. Peter var gift alt i den fysste Tidi (Mt. 8: 14; sjaa og 1 Kor. 9: 5).

Etter Moses var det tillati aa sverja, naar ein heldt Eidane sine; Jesus forbyd Sverjing heilt. Jesu Svein skal alltid segja sant; Sverjing vert daa meiningslaus. Men til Meiningsløyse skal ein ikkje brùka noko som vyrdande er, minst Guds Namn. Og Undantak gjevst ikkje. Naar Domstolane brùkar Eiden som fyrr Pinebenken til aa tvinge Sanningi fram i Rettssakir, so er det ikkje Jesus dei held seg til.

Der var i Moselovi Bòd som gav farisæisk Utanpaa-Heilagdom Tilføre til mykje synleg Lovlydnad, og som det difor vart lagt sers Lag paa, soleis Bòde um Kviledagen; Jesus vert fleire Gongir freista med Spursmaal um den. I Svari sine held han som elles Guds Bòd fram; men med Ihuge viser han Farisæardomen fraa seg. Fraa Matstræv og jordisk Sut skal me kvile paa Helgdagane; men fraa det gode skal me ikkje kvile, meir enn me kviler fraa det naudsynlege. Det fjorde Bòde maa Jesus like eins verja mot Lovtrælane. Gud hev sagt: heidra Far og Mor; dei lovlærde segjer: Temple gjeng fyri Far og Mor; ein Son kann taka fraa Foreldri sine, naar han gjev det tekne til Temple. Soleis gjer dei Guds Bòd til inkjes med sine Menneskjebòd.