Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/67

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

rike høyrer slike til“ (Mt. 19: 14). „Den som nedrar seg sjølv som dette vesle Barne, han er den største i Himilrike“ (Mt. 18: 4). „Den som tek mot eit slikt Barn i mit Namn, han tek imot meg“ (Mk. 9: 37). Det er dei barnslege som høyrer heime i Rike; „sanneleg segjer eg dekon, dersom dé ikkje umvender dekon og vert som dei smaae Borni, kjem dé paa ingin Maate inn i Himilrike“ (Mt. 18: 3; Tilvisn.). Barnehugen er den rette Grobotnen for Broderlynne; „Ervesynd“ veit Jesus ikkje meir um enn han veit um Barnedaap. Og Spursmaale um „fri“ og „ufri“ Vilje læt han liggje til Filosofane.

*

— Det Lovbòde som etter Ordi forbyd Hjonskapsbròt, vert hjaa Jesus eit Bòd um Reinleik i Hug og Tanke. Eit Ord som i 1 Mos. 2: 24 vert tillagt Adam: „Mannen skal forlata Fader og Moder og halde seg til Kona si, og dei tvo skal vera eitt Kjøt“, tek Jesus upp att og skjerper. Menneskje skal ikkje skilja det Gud hev sammanbundi (Mt. 19: 4—6). Skilsmaal forbyd han, utan naar Ægteskapen alt er brotin i Gjerning.

Eit strengt Ord er framme i Samanheng med Reinleiksbòde: det er betre aa skilja Lìkamen med ein Lèm, enn at heile Lìkamen skal øydast (Mt. 5: 29). Ein kjem her til aa minnast Mt. 19: 12 um Gjeldingar. Men Jesus