Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/66

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

bygt paa denne Tanken. „Dei som styrer Folki held deim under Herrevelde, og Stormennane brukar Magt yvi deim; men so“, segjer han, „skal det ikkje vera millom dekon“; den som vil vera stor i Jesus-Lage, han skal vera Tenar, ja Træl; „den største millom dekon skal vera som den yngste og den styrande som den tenande“ (Lk. 22: 26; 9: 48; Tilvisn). Og han skal vera Tenar ikkje i Ord, men i Gjerning, so som Jesus med sitt eigi Fyridøme lærde oss (Joh. 13: 2 flg.): „naar eg, som er Herren og Meistaren dekons, hev tvegi dekons Føtar,“ segjer han, „so hev eg gjevi dekon eit Fyridøme, at som eg hev gjort, so skal og dé gjera.“

Brodertanken, Kjærleiks-Tanken gjeng gjenom heile Jesu Lære og Liv. Som han er komin til aa føre dei burtkomne paa rett Veg, soleis kallar han serskilt til seg dei mædde og tyngde; hjaa honom „skal dei finne Kvild“. Dei linnaste, mjukaste Tonane fraa den gamle Profet-Harpa høyrer me att, mjukare og rikare enn fyrr; og dei vert ikkje døyvde av den sterke, myrke Klangen fraa den messianske Domsluren.

I næraste Samanheng med Broderkjærleiken stend Kjærleiken til Borni; Jesus finn her varme Ord. „Lat Smaaborni vera, og hindre deim ikkje fraa aa koma til meg; for Himil-