Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/65

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og det Bòd som dei rike no vilde finne stridande mot det dei kallar baade „Fridom“ og „Kristindom“. Tanken i Moselovi var beint fram den: „du skal ottast Gud, so at Broder din“ (ɔ: din Næste) „kann lìva med deg“ (3 Mos. 25: 36)[1]. I Jesu Tid var den gamle Skipnaden komin i Nedfall; og meir og meir vann den Armodi seg upp, som ikkje er Velsigning; men so trudde og alle sanne Israelitar at den gamle Heimsalderen var utlivd, og at Messiasrike maatte koma snart, med ny Rett for dei mange og alltid fleire som no leid Urett.

Men enno var mykje av den gamle Skipnaden att[2]; og i hamne Arbeidskaar, som ikkje kunde føre til Rikdom men heller ikkje til Armod, finn Jesus Grobotn for dei Dygdine han fysst krev: Barnehugen og den fredsæle Audmykt. Denne siste priser han med Ord som minner um gamall Folkevisdom: den som høgrar seg sjølv skal verte nedra, og den som nedrar seg sjølv skal verte høgra; sèt ein seg øvst i eit Gjestebòd kann han verte flutt ned; men sèt han seg nedst og daa heller vert flutt upp, hev han Ære av alle (Lk. 14: 10).

Det Broder-Samnøyte Jesus tenkjer seg, er

  1. Fr Verinder: „Bibelen og Jordspursmaale“ (Syn og Segn April 1906).
  2. Sjaa t. D. Mt. 12: 1 o. Tilvisn.