Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/64

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Mammonsvelde, hadde Jesus ikkje havt Lovord fyri. Smaae Kaar, daglegt Arbeid og daglegt Brød, bind minst til Verdi; i slike Kaar kann Hugen halde seg friast.

„Dei fatige“ hjaa Jesus er dei som livde etter den Skipnaden Moses hadde sett, so godt som dette daa lét seg gjera i hans Tid. I Israel, som vel all Stad i gamle Dagar der Folkeskikk var komin upp, var Samnøyte bygt paa Tanken um aalmenn Rett til den Grunnen alle er vaksne av. Jordi var ikkje mi og di, ho var Aalmenn-Eign, „høyrde Herren til“ (Salm. 24: 1). Den einskilde hadde ho berre i Leige av honom gjenom Samnøyte.

Til „alle Mannaborni“ (Salm. 115: 16) var ho gjevi; um Lovine for Utskiftingi kann ein lesa i 4 Mos. 26: 52—56 og 33: 54, smf. Josv. Stykki 14—19. Men ingin kunde „eige“ Jord; ingin hadde anne enn Brùksrett til ho. Og um Brùkaren kunde selja Brùksretten sin eigin som kunde han ikkje selja Brùksretten aat Ætti si; „seld“ Jord fall attende til den gamle Brùkaren eller Ervingane hans naar Helgaare kom (50de-kvart Aar), daa alle Jordleigune vart uppatt-nya. Jord kom soleis aldri „or Ætti“.

Paa den Maaten kunde ikkje noko rikt Jordherrestand koma upp. Men so kunde det ikkje koma upp nokon Armodsdom heller. Til Trygd mot den gav Moses elles monage Bòd,