Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/60

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

er han og vert han verande; Live hans er ikkje Liv. Det han venta seg Glede av gjev ikkje Glede; naar han fær det han sette si Von til, so finn han det „utantil blankt og innantil krankt“. Er han daa ikkje det reine Faavit, so skynar han Samanhenge meir og meir; Argskap og Hat tek han; han vert „vond“; sèt si Glede i aa vera til Mein, likar aa sjaa andre lide som han sjølv lid. Uhuglegt og fælslegt er dette, so det hev vori kalla „djevelskt“ og sett i Samanheng med ei serskild vond Magt; no kallar me det Faavit, eller naar det gjeng uvanleg vidt, Sjukdom. Ja det kann gange so vidt at me kallar det Galinskap. I gamal Tid var det Storherrar som hadde slik Magt at dei „kunde gjera kva dei vilde“, ja beintfram vart kalla Gudar; men mange av deim vart tekne av den Hugsjuken som heiter Sjølvsjuke og fór saaleis aat, at dei hev vorti til eit Ordtørke for alle Folk sidan. Berre Kjærleiken kann gjeva Live Innhald; det visste Jesus, daa han sette Nestekjærleiken upp til Grunnlov for det.

Sjølve Rettsbòde um aa ikkje slaa ihel vert til Moralkrave um aa elske Brørane. Ukjærlege Kjenslur vil drage etter seg ukjærlege Gjerningar eller Ord; og at jamvel Ord kan vera Draapsyndir, det er meir beintfram sant