Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/59

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


hjelpe, gjera vel. Det Domaren vil spyrja um paa Rekneskapsdagen er: gav dé meg Mat daa eg var hungrig? Drikke daa eg var tyst? Klæde daa eg var nakin? tok dé imot meg daa eg var framand? saag dé um meg daa eg var sjuk? eller daa eg sat i Fangehuse? (Mt. 25: 31—46). Med „meg“ meiner han kvar hjelptùrvande me møter paa vaar Veg; og han skìl ikkje ut, at desse turvande maa vera Folk som „fortenar Hjelp“ etter vaar Meining[1].

Næstekjærleiken — som der er meir av i Verdi enn me skynar og ser — er det som gjer Live lìvande; skal me halde det ut, so maa me arbeide med eitkvart som me trur kann vera til Hjelp for Brørane (um me gjerne no brukar andre Ord: Ætti, Bygdi, Byen Folke, Samnøynte, Framtidi o. s. fr.). Hev ein ingin og dermed inkje aa lìva fyri, so lìver ein ikkje, og det um ein aldri so mykje „lìver for seg sjølv“. Ein Arming av dette Slage kann „vinne all Verdi“; men aaleine og hugnadlaus

  1. At ingin, jamvel ikkje den verste, er „uverdug“ til Hjelp, skuld kristne Folk vita; det er i det seinste greidt serskilt ut i nokre merkelege Smaabøkar av Jørgen Gry (sjaa t. D. „Den oprindelege Kristindom, samtlige religiøse og antireligiøse Sekters Modsætning“, Odder 1905). Desse Bøkane, som held uppe Jesu Lisvlære saman med det natur-vitskaplege Syn paa Tilvære fraa vaar Tid, gjeng Kyrkja so vel som Fritenkarskapen imot, og vert daa fraa alle Sidur nedtagde.