Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/61

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

enn me plar hugse. Som Eiter er arge Ord; dei ligg og brenn under Bringa hjaa den som fekk deim, og øyder Livshugnaden og tærer paa Krafti. Hard Refsing spaar daa Jesus kvar den som ikkje er „velviljug mot sin Motstandar paa (Livs-) Vegen“.

Det vert spurt: kven er min Næste? (Lk. 10 29). Her skulde ein Israelslærar etter den vanlege Tenkjemaaten svara: alle Israelittar. Men Jesusu ser lenger, um han aldri so mykje er Israelit. Han fortèl ei Læresogu som segjer, at min Næste er den som treng Hjelp av meg og som eg kann hjelpe, kven han so elles er.

Me maa ikkje hata deim som gjer oss vondt dessmeir. Slær ein deg paa det eine Kinne skal du snu til ’n det andre[1]. Vil nokon taka Kjolen din, so lat ’n faa Kappa med. Vonde skal ein i det heile vinne yvi med godt; og naar ein vil tenkje seg um, so er det so: det er berre med godt at ein kann vinne yvi det vonde. Med vondt berre eggjer ein det, og nærer det; vondt èl meir vondt; det er i Viljelive som i Vokstrheimen: Avkjøme er Upp-

  1. Soleis bad Jesus etter Lukas jamvel for deim som tok Live hans
     Joh 18: 23 hev og her vori nemnt til Døme; den Staden skulde dertil vise, at Mt. 5: 39 ikkje var beintfram meint. Men Tenaren i Joh. 18 syndar mot Rettten likso vel som mot Jesus, so det Tilfelle høyrer ikkje hit.