Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/58

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

eit framandt Krav, og ikkje Rædsle og Tvang; Lovi hev vorti Evangelium.

*

„Det store Bòd i Lovi“ finn me hjaa alle dei tri (Mt 22: 34—40 o. Tilvisn.; smf. 5 Mos. 6: 4, 5); og Bòde um Næstekjærleik „er liksom dette“ (smf. 3 Mos. 19: 18). Og den som elskar Gud, og elskar Næsten som seg sjølv, han held Lovi. Ein annan Stad samlar Jesus Lovi i eit einaste Bòd: „alt det dé vil at Folk skal gjera mot dekon, det maa og dé gjera mot deim“ (Mt. 7: 12 o. Tilv.)[1]. Kjærleiken til Gud viser seg i at ein gjer Guds Vilje; og Guds Vilje gjer den som elskar Næsten; dei tvo Bòdi læt seg daa samli i eitt. Som det stend i 1 Joh. 4: 20 (smf. 3: 17); „dersom nokon segjer: eg elskar Gud, og han hatar sin Broder, han er ein Ljugar; for den som ikkje elskar sin Broder som han ser, kor kann han elska Gud som han inkje hev set?“

Men aa elske Næsten er ikkje Ord; det maa vera Gjerning og Sanning. Elske er:

  1. Dette er Lovi og Profetane; og aalmenneskjeleg Livslære er det; Konfusius sèt ho fram i Ord som minner um Mt. 7: 12 „gjer ikkje mot andre det du ikkje vil at andre skal gjera mot deg“ (Dr. Rudolf Dworak „Chinas Religionen“ I. S. 160).