Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/57

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ikkje forundra yvi dette Svare. Smiler ikkje heller. „Jesus saag paa honom og fekk honom kjær“ (Mk. 10:21). Det er fullt Aalvor: me skal halde Bòdi.

Du skal elske, d. e. unne din Næste som du elskar, unner deg sjølv, er Grunnlovi i Jesu Gudsrike. Den Verdi der kvar tenkjer paa seg og den rike lìver i Gledskap og Glans og læt Lasarus liggje hjelpelaus utanfor si Dør, kann kalle seg kva ho vil; til Gudsrike høyrer ho ikkje.

Gjenom Jesu Lovtolking kom Grunnen i Lovi upp. Lovi er Faderens Vilje; men dermed er ho og vaar Vilje, so visst som me er Borni til Faderen; vaar sanne Vilje er ho. Drivkrafti til det gode er daa ikkje Rædsla lenger, um me aldri so vel veit at Syndi dreg si Refsing etter seg liksom ei Naturlov sine Verkningar; Drivkrafti er den gode Grunnen i oss, Kjærleiken, Broderhugen.

Lovi er ikkje Fyrisegnir um utvertes Skikk; Hjarta krev ho, d. e. heile Menneskje. Men dermed gjer ho og Menneskje fritt. Det er ikkje lenger Jahve, som byd og krev for si Skuld; det er Faderen som rettleider Borni for deira eigi Skuld: gjer dette, so skal du lìva. Og naar Menneskje vert eit Barn som vil Faderens Vilje, so gjeld Orde i 1 Joh. 5: 3, at Guds bòd ikkje er tunge. Lovi er ikkje