Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/56

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„dé“ hev me Umtaleorde „dei“. Men mot Slutten (5: 11, 12) hev Mattæus dé liksom Lukas. Lk. 6: 20—26 ligg daa vel Grunnteksti nærast.

Sjølve Preika tek til med Utsegni um, at Jesus byggjer paa Moses. I Messiasrike skal den vera kalla stor som i Lære og Live held seg til Lovi; den som bryt um det so berre er eit av dei minste Bòdi og lærer Folk so, han skal — ikkje verte „fordømd“; han verte kalla den minste i Himilrike (Mt. 5: 19). Det vil vel segja at han skal vera millom deim som sist kjem der inn (um den andre Domen sjaa Opinb. 20: 12, smf. V. 4) og vinn minst høgt upp; etter dette og ymse andre Ord skal det vera ulike Høgdir i Løni so vel som i Straffi (Luk. 12: 47—48).

Det er Lovi Jesus held fram, i Bergpreike som i heile si Forkynning. Naar nokon kjem og spỳrr kva han skal gjera til aa vinne Live, hev Jesus berre eit Svar: hald Bòdordi (Mt. 19: 16 o. Tilvisn.). Og daa Spyrjaren nemner det Bòde som alt etter Moses er Innhalde av Lovi: du skal elske Gud av alt ditt Hjarta og din Næste som deg sjølv (5 Mos. 10: 12), so segjer Jesus: du svara rett; gjer dette so skal du lìva (Lk. 10: 25—28). Den rike Raadmannen segjer: Lovi hev eg haldi fraa eg var ung (Mt. 19: 16—21; Tilvisn.); Jesus vert