Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

merkeleg er Liknaden urn den urettferdige Hushaldaren (Lk. 16: 1—8). Denne hev stellt seg so, at han vert kravd til Rekneskap; og han skynar at no er han ferdug. Men han veit Raad. Han kallar til seg deim som stend i Skuld til Herren hans, og ettergjev deim meir eller mindre av Skuldi; han liter paa, at dei som soleis hev fengi Hjelp av honom vil vise ’n Miskunn att, naar han kjem i Lægervall. Jesus læt denne Hushaldaren faa Ros av Herren sin for at han hev „gjort det klokt“. Det vert elles her lagt Jesus eit Ord i Munnen (Lk. 16: 9), som minner vel so mykje um Paulus (1 Tim. 6: 17—19) som um Bergpreikaren (Mt. 6: 19—21; smf. Lk. 12: 33).

Um Vinningi ved aa lìva etter Lovi — at det er ei slik Vinning laerer me serskilt tydeleg naar me bryt Lovi — hev Læresogune mange Bilæte. Serleg forvitneleg er Sogo um Arbeidarane i Vingarden (Mt. 20: 1), der alle fær same Løni, um dei kjem i Arbeid tidleg eller seint. D. e.: naarsomhelst ein gjev seg inn under Gudsviljen, vinn ein ved det full Livsmeining og Livshugnad.

Mange av desse Sogune handlar um Israel som ikkje kjenner si Gjestings Tid og for det maa vente Dom; den Tanken hev ofte tyngt Jesus. Me hev her Sogur som den um Vingardsmennane som slær Ervingen i hel (Mt.