Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

21: 33; Tilv.), urn Kongssonsbrudlaupe (Mt. 22: 1; Tilv.), o. fl.; dei er fraa den Tidi daa det syntest meir og meir tydelegt, at nettupp det Israel som Jesus hadde meint ikkje trong Lækjar, vilde vise Gudsrike fraa seg. Sùmt er innkomi eller hev fengi sitt Lag i seinare Tid; at Jesus ikkje hev spaatt um Domen yvi Israel og Frelsa for Heidningane i so klaare Ord som det no ser ut til, skynar me af Apostelgjerningar (10: 1—48; 11: 1—18 o. a. St.). Men sterkt hev dei myrke Vonine gjengi innpaa ’n; det kjem i alle Sogune fram, i saare Klagemaal og i strenge Domar.

*

Jesu fysste Forkynning er Gledebòde um det nære Messiasrike, det han liksom Døyparen forkynner med dei Ordi som Folke kjende fraa Stemnestogom. „Gudsrike“ eller „Himilrike“ var daa og Ord som lét seg bruka trygt, midt i Romarvelde; dei syntest ikkje hava noko med denne Heimen aa gjera. Det hadde dei ikkje heller i Jesu Munn. Himilrike kom naar Gud vilde; og det kom snart: „det er nokre av deim som her stend, som ikkje skal smaka Dauden, fyrr dei fær sjaa Menneskjesonen koma i sitt Rike“, segjer han med si sterkaste Forsikring (Mt. 16: 28; Mk. 9: 1; Lk. 9: 27). Men ingin utan Faderen,