Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

10: 17); Andane, som elles andre Folk og kann drive ut, klarar dei likevel ikkje alltid (Mt. 17: 14[1]).

So lite framkomin som Helse-Vitskapen i den Tid var, hev alle som galdt for noko meir enn vanlegt, vorti søgte um Lækjingshjelp; det ser me og i Apostelgjerningar. Der vekkjer Peter jamvel ein daud (9: 36), liksom han i Stykke 5 tek Live av eit Par Menneskje med Orde sitt. Ja sjuke vart borne ut paa Gata, naar han eller Paulus var ventande; og fall berre Skuggen av ein av desse Gudsmennane paa ein sjuk, so friskna han (Apg. 5: 15; 19: 12[2]).

Underverk ved vond Hjelp synest Jesus ikkje aa hava tenkt seg (Mt. 12: 25 flg.; Tilvisn..). Trui gjer Verke. Og det trengst Tru hjaa Hjelpsøkjaren som hjaa Hjelparen. „Di

  1. At „Andar“ i like kunnige Tidir vert tekne for Upphav til Sjukdomar som Fang og sùme Slag av Hysteri kann me enno godt skỳna.
  2. Kor lett ein kann koma til aa vekkje daude naar Trui er sterk, ser me av Apg. 20: 9—11. Evtykus fell ned fraa eit Vindauga i 3die Høgdi og vert „tekin daud upp“; Paulus tek’n i Famnen og segjer: „staaka ikkje, for hans Sjæl er i honom.“ Og Mannen greider det. Hadde Paulus tagt, so hadde visst Apostelgj. 20: 11 no fortalt oss at Paulus den Gongen vakte Evtykus upp fra dei daude.