Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Sogune vart fleire og fleire (smf. Joh. 21: 25), hev ein annan Tanke komi upp: di meir han hadde forbòdi Folk aa tala um Teikni, di meir hadde dei tala (Mk. 7: 36); dermed hev Tanken um Forbòde mot aa tala vorti gløymd. So heilt hev han vorti gløymd, at rett som det er talar Jesus sjølv um Teikni sine (Mt. 11: 5; Lk. 7: 22); ja i Johannesboki gjer han Teikn beint fram til aa faa deim umtala (11: 4).

Undersogur er daa uppkomne i Mengd. Teikni vert stundom heiltupp Trolldom: gjeng for seg so Meistaren ikkje veit um det; dei sjuke vert lækte verre dei rører ved Kanten av Klænaden hans (Mt. 14: 36; Mk. 6: 56; Lk. 6: 19). Og Sogune læt Jesus gjeva Tolkninar til Teikni sine: ved deim godkjender Gud den han hev sendt (Mt. 12: 25 flg).

Elles legg Jesus inkje noko Lag paa desse Teikni; „hadde dé Tru som eit Sìnapskorn,“ segjer han til Sveinane, „so kunde dé gjera større Ting enn desse“. Ja det vert lagt ’n i Munnen Ord um at „ingin Ting skal vera umògelegt“ for deim; um dei so vilde bjode eit Berg lyfte seg og kaste seg i Have, so skulde Berge lyfte deim. Daa han sender deim ut gje han deim Fullmagt til aa forkynne Rike; og dei greider det eine som det andre (Mk. 6: 13; Lk. 9: 6;