Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Jesu Tid gjerne vilde sjaa Teikn, so hev Kyrkjelyden seinare lika aa høyre um Teikn; so er det med Folke alltid. Og i dette Stykke høyrer snart sagt alle til Folke, eller gjorde det daa visst i dei Tidine me her hev for oss.

So var det og det at Profetane hadde gjort Teikn, Elias fysst og fremst, som saman med Moses var Fyribilæte paa Messias. Dei hadde og spaatt um forunderlege Ting som skulde hende i Messias-Tidi; og Skaldebilæti deria vart i seinare Tidir beintfram tekne. Esaias hadde tala um, at bline Augo og dauvhøyrde Øyro skulde opnast og at halte skulde springe som Hjortar og dumbe kveda av Sæle naar den Gudsende kom med Fagnadbòde sitt (Es. 35: 5, 6; 42: 7; 61: 1); Ord av same Slage men beintfram tydde vart i den etter-apostoliske Tidi lagde Jesus i Munnen, naar han skulde svara paa Spursmaale um han var „den som skulde koma“ (Mt. 11: 2—5; Lk. 7: 22).

Daa Undersogune tok til aa gange, hev Kyrkjelydane undrast paa at so merkelege Ting ikkje skulde ha vori kjende og fortalde fyrr. Men so hev dei tenkt: Jesus hev forbòdi dei lækte aa segja kven Lækjaren var; elles hadde han ikkje fengi gjort anna enn vera Lækjar. Og dette hev vorti Tru (smf. Mt. 8: 4; 9: 30; Mk. 6: 56; Lk. 5: 14, 15). Sidan, daa