Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Tru hev frelst deg,“ segjer Jesus ofte til deim han hev hjelpt; og i Nasaret, der det er lite Tru, gjer han „ikkje mange kraftige Gjerningar“. Me er her sterkt innpaa den rette Forklaaringi av mangt av det som fyrr galdt — og ofte enno gjeld — for Underverk.

Mykje strid hev det vori um dei bibelske Teikni. Me som veit kva Trui kann gjera — i sjølve Lækjekunna er det Trui meir enn Dròpar og Pulver som hjelper —, og dertil veit korleis Trui, naar ho fysst er uppkomi, kann skapa nye og daa jamt større Underverk, me vil ikkje døme so braadt. Det er sjølvsagt, at i Tidir med lite Naturkjennskap og mykje Tru hender det fleire „Underverk“ enn i ei Kaldklok og tvilesjuk Tid som vaar; og visst er det, at um Folk fyrr stundom hev trutt for mykje paa aandeleg Magt, so trur me no helst for lite. Dei Teknsogune som i Bibelen er uppskrìvne til Studnad for Trui, kjem daa og helst i Vegen for Trui no. Kven kann hava Tillit til ei Forkynning som er uppstudd med Folkediktning?

Men dei som tenkjer etter vil vita, at um der so gjerne er eit Grand Folkediktning i gamle Skriftir, so vert det sanne i deim like sant for det. Me kann finne all den Sanning me treng i Nytestamente, um me ikkje serskilt trur paa dei Djevlane som vart drìvne inn i