Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

so Folk ser at det er Aalvor dei fèr med, og ærer Faderen i Himlom (Mt. 5: 13—16)[1]. —

— Fullvaksin Mann, ikring 30 Aar, var Jesus daa han tok til med Arbeide sitt. Etter dei tri fysste heldt han seg mest i Galilæa.

Kalle Syndarar til Umvending, finne og frelse det burtkomne var det han skulde; til dei burtkomne Saudine av Israels Hus sender han au Sveinane. Ja han forbyd deim aa gange til Heidningar og Samaritanar; her er ikkje Tid til det. Ikkje Israelsbyane dessmeir skal dei vinnast med fyr Menneskjesonen kjem (Mt. 10: 23; 16: 28 o. Tilv.).

Men dermed var ikkje Samaritanar og Heidningar „fordømde“. Aa faa vera med i Messiasrike var ei serskild Ære for dei utvalde; desse skulde vera med aa „døme“, d. e. styre dette Rike, til dess det heilt var lagt inn under

  1. Den Jesus som tala so til Sveinane sine kann ikkje attat ha tala um Prestemagt og Kyrkje etter Mt. 16: 19 og 18: 17—18 (smf. Joh. 20: 23); Tankar fraa seinare Tid er det me her finn.
     Bilæte um „Krossen“ (Mt. 10: 38 o. fl. St.) kann Sveinane ikkje ha lært aa bruka fyrr i Paulus-Tidi. Det fylgde ikkje berre Rædsle med Kross-Avrettingi; Krossdauden var i framifraa Mening vanærleg.
     I Mt. 20: 28 og Mk. 10: 45 er innkomi eit Ord um, at Jesus „gjev sitt Liv til en Løysepening for mange“; det er ein Paulustanke fraa seinare Tid (1 Tim. 2: 6); han høver ikkje inn i Jesu Forkynning.