Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Bòde um Gudsrike skal Sveinane bera ut til Folke. Men dei skal ikkje berre tala. I Liv og all si Ferd skal dei vera Riks-Bòdberarar. Der det trengst, og der dei kann, skal dei gjera vel; Jesus gjev deim serleg Magt til aa lækje Sjukdomar (Mt. 10: 8; Mk. 3: 15; Lk. 10; 9). Og alt skal dei gjeva for inkje, som dei hev fengi det for inkje. Der dei ikkje vert mot-tekne skal dei riste Dumba av Føtane sine; men Gudsrike skal dei forkynne like godt (Lk. 10, 11); og paa Domedag skal det gange slike Stadier verre end det gjekk Sodoma og Gomorra.

Med den Magti og høre Vyrdskapen Jesus gjev Sveinane sine krev han likevel Audmykt av deim. Ærenamn som Lærar (Rabbi) skal dei ikkje taka imot; ein, Messias, er Læraren deira, men dei er alle Brørar. Og ingin paa Jordi skal dei kalle Far; for ein er Far deira: han som er i Himlon (Mt 23: 8—10). Og den som vil vera stor, eller vera den fysste millom deim, skal vera Tenaren, ja Trælen deria, liksom Menneskjesonen ikkje kom til aa lata andre tena sig, men til aa tena sjølv (Mt. 20: 26—28; 23: 11; Mk. 9: 35; Lk. 22: 26). Salte aat Jordi skal dei vera, og Ljose aat Verdi som ikkje læt seg løyne; og ikkje med Ord, men med gode Gjerningar skal dei lyse,