Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Gud. Dei som ikkje kom med millom desse utvalde laut lide si Straff i Naaheimen, og Lagnaden deira vart ikkje avgjord fyrr ved den siste Domen (Opinb. 20: 12); so skulde det gange jamvel med mange av deim som burde ha vori millom „dei fysste“. Men alle skulde koma med; sistpaa skulde det verte „ei Hjord og ein Hyrding“ (Joh. 10: 16; samfør elles Opinb. 20: 9, 15).

At ikkje berre Israelitar skulde koma inn i Rike kann me og sjaa av Sogo um den burtkomne Sonen. Den eldste Broren er Israel, den yngste er Heidningeheimen; denne hev øydt upp all si Eign i Ulivnad, men finn sistpaa heim til Far sin att, og vert vel fagna. Og daa den eldste knurrar yvi dette, segjer Faderen at alle bør gleda seg no, daa jamvel den burtkomne hev funni heim att.

Ord um at Gudsrike skal verte teki fraa Israel og gjevi til andre kann Jesus i tunge Stundir, eller til Vekkjing, ha hermt etter Profetane, som stundom ræddast for ein slik Burtkastingsdom yvi Folke (sjaa t. D. Es. 55: 5; 65: 1); men Tanken um Heidningfrelse fyri Messiastidi er endaa i Aposteltidi so ny, at det maa ei Syn fraa Himilen til, fyrr Peter vaagar seg til aa forkynne Orde for ein Heidning (Apg. 10). Og endaa var det Strid um dette Spursmaale sidan med. Ingin av Apostlane