Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

var han send; gjenom Israel skulde Frelsen koma (Joh. 4: 22). Fiskarar var dei fleste, og fatige var alle; hadde dei aatt noko, so hadde dei lòti gjeva det upp. „Den av dekon, som ikkje gjev upp alt det han eig, han kann ikkje vera min Læresvein,“ segjer Jesus (Lk. 14: 33; 18: 22).

Jesus kallar Sveinane med eit stutt „fylg meg“; lovar i det høgste aa gjera deim fraa Fiskarar til Menneskjefiskarar. Orsakinar høyrer han ikkje paa. Ein som vil segja Velfar i Huse sitt fysst, fær høyre at ingin som legg Handi paa Plogen og ser seg att-ende er vel laga for Gudsrike. Ein som fysst vil fylgje Far sin aat Jordi fær til Svar: lat dei daude jorde sine daude; her gjeld det um Liv av eit høgare Slag. Men til ein som byd seg sjølv fram, segjer han: „Revane hev Hie og Fuglane under Himilen Reid“ — hadde han set lenger fram gjenom Tidine, so hadde han dertil kunna nemne Kyrkjeherrar som hev Rikdom og Magt og Kristus-Stathaldarar som hev eit Vatikan —; „men Menneskjesonen hev ikkje det han kann halle Hovude sitt nedpaa.“ Aalvor er det med Jesu Krav. Men so er det og stort aa vinne; dei som fylgjer Messias i hans Tenarstand, skal til serleg Løn faa styre med honom naar Rike hans kjem (Mt. 10: 39; 19: 28 o. Tilvisn.).